Kristian Tveit var elev på linja produktdesign skoleåret 2024-25. Han studerer nå Tjenestedesign ved Høyskolen Kristiania i Oslo. Dette er det Kristian seier om sitt år på SKAP kreativ folkehøyskole.
Året på SKAP var eit kjekt og sosialt år, men også lærerikt. Kvardagen på design var variert og ein fekk utforske nye framgangsmåtar og arbeidsmetodar der ein fekk utvikle seg fagleg og finne ut kva ein liker og ikkje liker. Mange av venene mine frå SKAP har eg framleis kontakt med dagleg og (me) møtes med jamne mellomrom.
Ettermiddagane var veldig variert. Alt frå å sjå på film, utfluktar, volleyball og tur blei vanlege aktivitetar, men det eg kjem til å savne mest er å ha tilgang til ein verkstad heile døgnet.

Året på SKAP var eit år der eg skulle lære og finne ut om design var noko eg ville studere. Og etter eit år på SKAP var eg ganske sikker på at det var noko eg ville. Eg har lært fleire ting på SKAP som eg har fått bruk for og som har gitt meg et fortrinn på studiet. Spesielt med designprosessen, Adobe og verkstadserfaring, men også på mindre ting som skala, og teknikkar osv.
Ville anbefalt alle som er interessert i design eller lurer på om det er noko for dei å søke på SKAP. Viss du vurderer folkehøgskule kan eg anbefale deg å snakke med nokon du kjenner som har gått på folkehøgskule.


