Blogg

Frå folkehøgskule til Combat Media Team-specialist i Forsvaret

Tor-Magnus var elev og stipendiat på SKAP før han blei militært ansatt som Combat Media Team-specialist i Forsvaret, og deler sine erfaringar med oss her.

Åra mine på SKAP vart ei viktig tid for både personleg og fagleg utvikling. Skulen gav meg moglegheita til å dyrke interessa mi for media og utvikle ferdigheitene mine gjennom praktisk arbeid og kreative utfordringar. Eg fekk rom til å utforske, lære og finne min eigen måte å jobbe på.

Eit av det som gjorde størst inntrykk, var miljøet. Eg vart omgitt av menneske med same interesse for media, men også med kreativitet frå heilt andre fagfelt. Dette skapte eit inspirerande fellesskap der idear vart delte og utvikla i lag, noko som motiverte meg til å bli betre.

Tida på SKAP hjelpte meg òg til å bli meir sosial og trygg på meg sjølv. Gjennom støtte, samarbeid og fridom til å vere meg, innsåg eg kor mykje eg faktisk meistra. SKAP gav meg moglegheit til å utvikle meg kreativt og som person.

Skap din fremtid.

Det er her den starter.

Er du klar for å utfordre deg selv, slippe løs kreativiteten og bli en del av et unikt fellesskap? På SKAP får du et år fullt av prosjekter, opplevelser og venner for livet – samtidig som du bygger erfaring og portefølje for veien videre.

Søk skoleplass

Smilende mann og kvinne med hørselsvern som holder verktøy mot kameraet, en skrutrekker og en hammer.